Litt om Anja

Fakta om Anja

  • 26 år gamal

  • Frå Tromsø

  • Elektrikardotter

  • Noregsmeistar i revy (2017)

  • Har ein gong strikka noko - heilt utan å gi opp i frustrasjon

  • Hadde internasjonal musikaldebut i Helsinki, i rollen som eit syngande hiphop-pinnsvin med ALTFOR slappe piggar (13 år gammal)

anja lockertsen

Det er altså meg. Som illustrert på bildet er eg ei ung kvinne med godt humør, og ein særleg hang til å smile og le i nærleiken av norske fjordar. Du som les dette har kanskje også allereie lagt merke til at eg er nynorskbrukar?* For ein bonus!

Allereie frå barnehagen av både skreiv, spelte og regisserte eg små skodespel som venar og klassekameratar - til nokons fortviling - vart tvungne til å vere med på, og som familie og vennar alltid fekk (les: måtte) vere publikum til.

No er eg ei vaksen kvinne(!), og vil gjerne halde fram med å underholde folk over det ganske land.

*sjølv om eg er nynorskbrukar, har eg mesteparten av livet hatt bokmål som hovudmål, og beherskar båe målformar forbiletleg

I 2022 kom eg inn på Tekst og skribent ved Kristiania (Westerdals)

Her fann eg ein særleg lidenskap for å arbeide redaksjonelt - både med å utvikle tv- og podkast-/radiokonsept.

Eg synest det er veldig spennande å skrive noko som skal oversettes til lydlege og biletlege uttrykk.

No er eg klar for å komme meg inn i ‘bransjen’, og håper at nettopp du som les dette vil gi meg moglegheita til å få ein fot eller ei stortå innanfor.

Under kan du sjå, høyre og lese noko av det eg har arbeidd med utan min gode makker:

Forrige
Forrige

EN TV-SERIE

Neste
Neste

Litt om HANNA